Ola Ur Sæbø
Deltaker ANSA Juvenarte 2025
Komposisjon
Bachelor i komposisjon ved Norges Musikkhøgskole og Universität der Künste, Berlin
Om kunstneren
Eg studerar komposisjon ved Norges Musikkhøgskole på sisteåret på bachelor, og eg har ein særinteresse for Musiktheater, i tysk tradisjon, altså krysningspunktet mellom musikk og teater, og i det siste fått ein interesse for korleis video samspelar, og motspelar, med musikk og teater. På grunn av interessen min reiste eg på utveksling til UdK i Berlin og hadde Daniel Ott, komponist og kurator for Münchener Biennale, en av verdens største musikkteaterfestivaler, og Mathias Hinke som veiledare.
Det siste året, det året eg var på utveksling, har eg hatt ein interesse for korleis ein kan hjelpa andre å lytta på forskjellige måtar, kor forbilda er Oliveros, Cage, Aperghis og Kagel. Dømer på dette kan vera å lytta til byen, nokon som skriv på datamaskin, kjenna rytmen i nokon som joggar osv. Dette prosjektet har eg under pseudonymet oooolaus.
Bidrag
Om bidraget
Ti små stykker er stykker som er i krysningspunkta mellom musikk, teater og dans. Det nyttast forskjellige metoder for å produsera lyd, som til dømes latter, vold, prat, vipping på stol, skriving i bok osv. Det er korte stykker som har ein klar idé som gjennomføres, og er fleksible nok til at utøvaren kan, og tvingast, til å leggja seg sjølve inn i stykka.
Utøvarane er Magnus Haugen og Jonas Evenstad
Redigering og video av Åsmund Erichsen