Mathilde Sjøhelle Eiksund

Mathilde Sjøhelle Eiksund

Hovedstyrekandidat 2024

Kandidatpresentasjon

Hei!

Eg heiter Mathilde, eg er 26 år og kjem frå Volda. Sommaren 2022 flytta eg frå strandliv, tapas og seine kveldar på lesesal i Barcelona, til sakshandsaming, fast inntekt og lunsj kl 11.00 ved Utlendingsdirektoratet i Oslo. Eg stiller til open plass i hovudstyret i ANSA, fordi eg har skikkelig trua på studentutveksling, og fordi eg trivst godt i rollen som styrerepresentant.

Eg har studert statsvitskap ved NTNU i Trondheim, med utveksling til California, og eg har ein master i migrasjonsstudier frå Barcelona. Ved sidan av studia har eg vore representant i universitetsstyret ved NTNU, jobba for Studenttinget som tillitsvalt på heiltid, og leika meg med diverse verv ved Studentersamfundet i Trondheim.

Eg har sjølv hatt fleire givande opphald i utlandet, og ønsker at så mange som mogleg skal få den same moglegheita. Noreg treng arbeidstakarar med kunnskap frå utanlandske universitet, og erfaringar med å samarbeide på tvers av kulturar. Eg bryr meg om at studentar med utdanning frå utlandet skal få bruk for erfaringane sine når dei søker jobb i Noreg. ANSA verkar som ein meiningsfylt organisasjon med masse spennade folk, og eg er motivert til å bli med på laget.