Ane Rønningen Stautland
Deltaker ANSA Juvenarte 2025
Dans og koreografi
Bachelor i samtidsdans ved Listaháskóli Íslands/Iceland University of the Arts, Island
Om kunstneren
Eg heiter Ane, er 19 år og eg studerer samtidsdans på eit kunstuniversitet på Island. Å studere kunst var ikkje eit val, men eit behov, ein trang, ein nødvendigheit. Eg har eit behov for å skape. Det er som at ideane flyr rundt inni meg, dei vil ut og visst ikkje eg får eit utløp desse så brenner dei inne. Eg får ein uro i meg. Derfor må dei ut og eg må utforske å skape.
Eg har eit behov for å dykke djupt ned i min eigen kreativitet å sette fyr på den sånn at den ikkje finnes lenger. Når eg skapar noko, ein koreografi, ein teikning eller eit maleri, er det som at eg printar ut hjernen min og hjerta mitt. Det er sårbart, skummelt, befriande og dødsdigg.
Eg elskar å danse. Eg elskar det så mykje at eg ofte hatar det. Og eg følar ofte at dansen hatar meg. Meg og dansen har eit intenst forhold. Eg klarar meg ikkje uten dansen. Eg må danse. Og uten meg finnes ikkje dansen. Me er avhengige av kvarandre. Det er skjørt og det er spesielt vanskelig i dei periodane me ikkje takler trynet på kvarandre, men fortsatt må jobbe saman kvar jævla dag. Kjærligheten vinner heldigvis over hatet. Dansen blir aldri kvitt meg.
Målet mitt med denne utdannelsen er å krysse ulike retningar innanfor kunst for å skape eit enda sterkare uttrykk som berørar enda djupare og som tillater publikum å oppleve følelsar dei aldri har kjent på før. Og så er draumen min å danse i Carte Blanche.
Om bidraget
Denne filmen er inspirert av historien om bestemora mi, Birgit.
Litt om Birgit
Ho døydde lenge før eg vart fødd, men eg kan framleis sjå spor etter ho i heimbygda mi. Ho budde i det huset der eg vaks opp, ho starta dansegruppa eg var med i då eg var lita og det er til og med ein liten park som er laga til ære for ho etter at ho døydde. Eg ser og mången spor av ho i meg sjølv, mången likheitstrekk i interesser og eigenskapar og eg er ordentelig lei meg for at eg aldri fekk møta ho, for eg trur me kunne hatt mången spanande samtalar.
Heila livet mitt har eg fått høyra historiar om bestemor og eg har alltid fått høyra at ho var ei fantastisk kvinna som var veldig snill og omsorgsfull for menneska rundt seg. Ho var svært karismatisk, kreativ, sosial og elegant. Ho vaks opp i Trondheim, men kjærligheten i hennas liv, min bestefar, gjorde at ho endte opp på på ei lita øy på vestkysten som heiter Bømlo, der hadde ho eit godt liv. Ho engasjerte seg i lokalsamfunnet og satte djupe spor i den vesle bygda ho kom til.
Ho hadde alltid vert glad i å danse, og ho var god til det òg! Men på den vesle øya ho kom til var det svært dårlig med dansing. Som barn kunne ein enten drive med seiling eller fotball. Birgit starta derfor ei dansegruppe for barn og unge i idrettslaget. Borna i dansegruppa elska det. Men dansegruppa var til stor forskrekkelse og forferdelse for bedehusfolket på Bømlo. Ho inviterte derfor til danseoppvisning og då vart til og med bedehusfolket positive til dans. Dansegruppa vaks og vart svært populær.
Birgit var og svært aktiv i kunstlaget. Ho var spesielt interessert i tekstilkunst. Ho var også veldig opptatt av interiør, møblar, fargar og mønster. I tillegg var ho svært opptatt av klær og estetikk og ho elska å stelle i hagen.
Men Birgit hadde eit par ting i livet hennar som kom igjen og igjen. Ting ho måtte takle med tålmodighet. Ein av desse tinga var endometriose. På 60-90-talet var det ikkje særlig fokus på kvinnehelse. Sjukdommen var noko ho måtte slite med om og om igjen og det var til slutt dette ho døydde av. På ein ferie med bestefar i 1994 merka ho at ho hadde vondt i magen. Og ho visste allereie då at noko var alvorleg galt. Ho ville ikkje gjere bestefar redd, så ho bagatelliserte smertene. Då dei kom heim ifrå ferien gjekk ho til legen og ho fekk time på sjukehuset. 5. januar 1994 var timen. Bestefar var på jobb og fekk telefon derifrå. «Du må komme hit med ein gong,» sa legen. «Ho kjem til å døy om kort tid». Birgit hadde fått livmorhalskreft og berre 4 månadar etter dette, døydde ho. Ho sa til bestefar «Du må ikkje grine, du må ikkje ta det så tungt». Ho var sterk og tålmodig.
Om filmen
Filmen er spelt inn i huset som bestemor og bestefar bygga og budde i heilt til ho døydde. Det er òg huset eg vaks opp i. Eg har på meg ein kjole som er hennar.
Eit element som dukker opp igjen og igjen i filmen er stolar og krakkar. Ho blir aldri kvitt stolane, dei dukkar opp der ho er uansett om ho vil det eller ikkje. Stolane symboliserer lideskapen hennar for interiør og møblar, men også sjukdommen som ho måtte slite med om og om igjen. Tidleg i filmen er stolane noko som kjem med jevne mellomrom, men på eit punkt blir stolane mykje meir til stede og dei går fortare og fortare. Dette er eit symbol på når sjukdommen går fra å være noko ho er van med å takle og håndtere til å være fullstendig utanfor hennar kontroll, men ho er modig og tålmodig.
I starten av filmen tar eg på magen min for å symbolisere eit ubehag, men eg går straks vidare. Dette symboliserer det at ho ikkje ville bekymre dei rundt seg, så ho bagatelliserte smertene.
Stoffet som stolane står på symboliserer hennar kjærlighet og lidenskap for kunst, og då spesielt tekstilkunst. Mot slutten så maler eg ein stor spiral på dette stoffet. Spiralen symboliserer sirkelen av liv. Fødsel, utvikling, død og reinkarnasjon. Spiralen er en link til naturen og er ein parrallell med livet.
Alt i denne filmen har eg prøvd å gjera i hennar ånd. Korleis ville ho gjort det? Og eg har prøvd å dra parallellar til så mange ting i livet hennar som mogeleg.
Ide, regi og koreografi er av meg, Ane.
Musikken er laga av Dana and Alden og heiter «Dragonfly.»