Linda Hjelle, 24, tar en parallell mastergrad i Kinesisk samfunn og politikk ved Zhejiang University i Kina.

Kvifor valte du Kina og dette studiet?

Eg tek ein parallell mastergrad i Chinese Society and Politics ved Universitetet i Oslo og Zhejiang University. Det betyr at eg først tok eit semester i Norge før eg kom til Kina for eit år med undervisning pluss eit påfølgande semester for å skrive masteroppgåva. For min del var det difor litt gitt at eg skulle til Hangzhou, då det var her universitetet UiO samarbeider med befinner seg. Eg har tidligare teke ein bachelorgrad i Kina-studier ved UiO, og har utveksla til Beijing i samband med det. Eg har ei genuin interesse i kinesisk og øst-asiatisk samfunn og politikk, så for meg var det openbart at eg skulle studere i Kina. 

Studiet og undervisninga ved Zhejiang University

Generelt sett er det mykje mindre orden enn ved eit norsk universitet. Mykje informasjon blir gitt med kort forvarsel og ofte via sosiale medier. I starten av studiene blir ein ofte sendt frå kontor til kontor berre for å avlevere eit eller anna tilsynelatande uviktig dokument. Mykje av byråkratiet rundt studiene føles innmari meiningslaust for oss nordmenn, og kan til tider vere veldig frustrerande.

Sjølve undervisninga er både-og. Noko er veldig bra, medan noko er relativt dårlig. Eg opplever at relasjonane mellom student og ansatt ved universiteta her i Kina er veldig annleis enn i Norge. I Norge er underviser og student meir likeverdige, det er meir rom for å stille spørsmål og ein bruker for det meste fornamn. Her i Kina synest eg det er mykje meir hierarkisk. Læraren eller professoren er på topp, og som student er ein lavast på rangstigen. Som masterstudent i Norge var eg vandt med at professoren hørte på studentane sine synspunkt, og et undervisninga var meir ein diskusjon og ei meiningsutveksling. I Kina er det mykje meir ei forelesing, der mange professorar nesten synest det er frekt om ein stiller vanskelige spørsmål. Men dette er sjølvsagt veldig individuelt frå professor til professor, og eg har både svært gode og nokre mindre gode erfaringar.

På den andre sida gir det utrulig mykje å berre vere i Kina, spesielt om ein studerer kinesisk samfunn og politikk slik eg gjer. Då gir det mykje meining å faktisk vere til stades i det samfunnet ein studerer. Ein får mykje kunnskap om korleis ting fungerer i Kina ved å vere her, kunnskap som hadde vore vanskelig eller umulig å tileigne seg i Norge. Dette er sjølvsagt veldig verdifult, både med tanke på eiga utvikling samt erfaringar ein kan få bruk for i jobbsamanheng seinare, spesielt om ein ønsker å jobbe med noko Kina-relatert.

Å lære språk er også heilt klart eit pluss ved å studere i utlandet. På mitt studie har vi hatt litt språkundervisning, men eg har også betalt for privatundervisning to gangar i veka. Det er relativt billig (50RMB per time), og etter mi meining, dersom ein ønsker å verkeleg lære seg kinesisk, heilt avgjerande! Eg anbefaler også å skaffe seg kinesiske venner. Ein lærer mykje både om kultur, språk, mat, musikk osv. på den måten, i tillegg til at ein bygger både nettverk (som kan vise seg viktig seinare med tanke på jobb eller andre muligheiter), og ikkje minst får gode venner og opplevingar! I mine auge er kinesarar utrulig generøse, snille og vennlege, berre ein blir litt kjent.

Alt i alt vil eg absolutt anbefale å utveksle eller studere i Hangzhou og ved Zhejiang University. Det er faglig sterkt, i tillegg til at det er litt annleis enn å studere i Beijing eller Shanghai. Etter mi meining gir det ein meir genuin følelse av Kina. Zhejiang university er også tross alt eit av dei best ranka universiteta i Kina, og sjølv om det kanskje høres litt obskurt ut for oss i Norge, veit alle kinesarar veldig godt at dette er eit bra universitet, og ein får ganske mykje creds for å studere der.

Studentmiljøet

På det programmet eg har gått på studerer nordiske studentar saman, det vil seie at klassen består av hovudsakleg nordmenn, svenskar og danskar. I år var eg den einaste nordmannen som søkte, og ingen svenskar, men derimot ni danske studentar. Vi har også noko undervisning saman med andre utanlandsstudentar, hovudsakleg frå Europa og Nord-Amerika. Programmet eg går på er dobbeltspråkleg (50/50 engelsk og kinesisk), og har difor krav om at ein kan ein del kinesisk frå før. Andre studieprogram kan ein ta fullt og heilt på enten kinesisk eller engelsk.

Alt i alt synest eg det er veldig lett å kome i kontakt med andre i Hangzhou, både andre studentar og expats og kinesarar. Noko av grunnen til det er at Hangzhou er ein litt mindre by (berre 9 millionar innbyggarar), så i expat-miljøet er det nesten slik at alle kjenner alle, eller ein kjenner nokon som kjenner nokon. Dei fleste er her jo på eiga hand, så folk er utrulig inkluderande og hyggelige. Eg har også inntrykk av at mange er genuint opptatt av å skape og arrangere ting her i Hangzhou, så det skjer ting nesten kvar dag. På universitetet er det også mange ulike studentforeiningar ein kan vere med i. Her finst det noko for ein kvar smak. Eg har for eksempel vore med i ei fjelltur-gruppe som arrangerer ulike fjellturar i området kvar helg gratis. Det er ein fin muligheit til å bli kjent med andre kinesiske studentar, samtidig som ein får opplevd naturen rundt Hangzhou. Fjell og natur er også balsam for sjela for ein nordmann i Kina!

Utfordringar

Noko av det mest utfordrande kan vere språket, dersom ein ikkje kan eller kan lite kinesisk frå før. Men stort sett er folk hjelpsame og forståelsesfulle, så ein finner som oftast løysingar på problem som oppstår. Kanskje eg har vore heldig, men eg har ikkje møtt på nokon spesielt krevande utfordringar, bortsett frå dei små dagligdagse tinga. Den største frustrasjonen i Kina er kanskje treigt internett, men det er utrulig kva ein kan tilvenne seg…! 

Prisnivå og bolig i Hangzhou

Både når det kjem til generelt prisnivå og leigeprisar, så er Hangzhou billigare enn dei store byane som Beijing og Shanghai. Eit rom i bukollektiv kostar vanlegvis mellom 1000-2000RMB, avhengig av standard og plassering. Ein kan finne bolig ved å legge ut annonse på www.hangzhouexpat.com, bli medlem i ei wechat-gruppe der folk legger ut ledige rom og leiligheter (info lenger nede), eller via et utleigefirma (for eksempel 我爱我家). Eit generelt råd når ein leiger bolig i Kina er å få absolutt alt skriftlig og få kvittering på alle betalingar. Folk er flinke til å lure seg unna ansvar, så her er det berre å stå på krava.

Det beste med Hangzhou

Det som er kult med å studere i Hangzhou er at sjølv om det er ein internasjonal by er det mange færre utlendingar her enn i for eksempel Shanghai og Beijing. Det er heller ikkje eit openbart expat-område i byen, noko som gjer at ein kjem tettare inn på det kinesiske. Mange kinesarar er også ganske nysgjerrige og interesserte i å bli kjent med utlendingar, så det er relativt enkelt å komme i kontakt med folk.

Hangzhou er etter mi meining kanskje den beste byen i Kina. Forutan å vere ein by med masse naturområde, parkar og fjell i eller i nær omkrets til byen, er det lett og effektivt å kome seg rundt ved hjelp av offentlig transport eller eigen sykkel. For i motsetnad til ein mega-by, er bykjernen i Hangzhou relativt liten, så ein slepp å bruke for mykje tid på å kome seg rundt. Hangzhou ligger også midt i landet, så det er eit ideelt startpunkt for reiser. Byen ligger nært Shanghai (berre ca. 1 time med tog), så det er lett å ta ein dagstur eller helgetur dit når noko skjer.

Tips til kva ein kan oppleve i Hangzhou:

  • Dra til te-landsbyen Long Jing Cun (龙井村). Der blir ein av dei mest berømte te-typane i Kina dyrka og produsert. Foruten å smake på te er naturlandskapet utrulig flott, teplantane er planta oppetter fjellsidene, og det er masse små stiar ein kan følge for å utforske området. Det er godt skilta i fjella, og landsbyen er eit fint utgangspunkt for fjell- og vandreturar. Ein kjem seg dit enkelt ved hjelp av offentlig transport (buss).
  • Leig bysykkel og ta ein sykkeltur rundt West Lake. Innsjøen er så stor, og det er masse å sjå rundt heile, så det aller beste er definitivt å sykle. Ein får sjå masse vakre pagodaer, små passasjer og bruer. Ein kan også leige båt for å sjå innsjøen frå vatnet.  Verdt det om ein vil ha litt sjelefred!
  • Spis middag på Grandma’s (我爱我家). Grandma’s er ein restaurantkjede frå Hangzhou som byr på alle mulige kinesiske rettar frå byen. Det er billig (vanlegvis rundt 40-50RMB per person) og god mat i ei hyggelig atmosfære. Prøv spesielt 东坡肉,ei slags svineribbe, som er kanskje den meste kjente retten frå Hangzhou, oppkalt etter den kjente Song-dynasti poeten Su Shi (Su Dong Po).
  • Nattklubbane i Hangzhou har også rykte på seg for å vere ekstra ville! Sjekk ut S.O.S., H Linx eller Park Club. Om ein heller vil drikke øl (og spille billiard eller fussball) kan Peers Bar, 9 club, 7 bar, Youtoo bar eller One Pint Club anbefalast varmt.

Det meste av informasjon om det som skjer i byen finner ein i forskjellige grupper på wechat. Disse gruppene må ein bli invitert inn i, så i starten kan det føles litt vanskelig å få greie på kvar ting skjer (konsertar, arrangement osv) og kvar det er kult å ta ein øl. Eit godt tips er å legge til More Hangzhou på wechat (du finner nettsida ved å google, der inne kan du finne info om wechat/QR-kode). Dei som driver kontoen har budd i Hangzhou lenge, og kan invitere deg inn i grupper etter behov. Dei har masse gode tips om utestadar, restaurantar, severdigheter, bolig, jobb, og andre ting som skjer i byen.

Ein personlig tips frå meg om ein interessert i musikk og festivalar er å dra på MIDI. Det er ein utrulig kjekk og artig opplevelse! Både kinesiske og internasjonale band spelar på festivalane. Midi arrangerer ei rekke festivalar rundt omkring i Kina med forskjellige musikksjangrar, både rock og elektronisk musikk. Kvar av dei blir arrangert ein eller to gongar i året, og er absolutt verdt å få med seg minst ein gang. For eksempel blir rockefestivalen arrangert kvar mai måned i Suzhou (40 min med tog unna), og i oktober i Shaoxing (20 min med tog). Den elektroniske blir også arrangert i mai. Det har vanligvis blitt arrangert buss fram og tilbake frå Hangzhou av expat-miljøet her. Ein kan også campe på festivalområdet (ein kan leige telt, sovepose og liggeunderlag frå festivalen).

Søk meg gjerne opp på wechat (lindahjelle) eller send ein epost om du har spørsmål eller vil vite meir om Hangzhou og studentlivet her!

Helsing Linda Hjelle