Maria Drageset tar bachelor i kinesisk ved Fudan University i Shanghai. Les om hennes erfaringer fra byen og studiet her.

Hvorfor valgte du akkurat dette landet og dette studiet?

Eg har alltid vore fascinert av Kina og det kinesiske språket, så etter fullført bachelorgrad i nordisk byrja eg rett på bachelorprogrammet i kinesisk. Kina er eit fantastisk land med mykje spennande kultur, nydeleg landskap, venlege og imøtekomande menneske og kulinariske opplevingar som ein ikkje finn på den lokale kinesiske restauranten heime i Noreg!

Hvordan synes du skolen, studiet og undervisningen er?

Eg er veldig nøgd med Fudan, både campus, dorms og skulen sjølv. Undervisinga på Fudan skil seg på mange måtar frå den vanlege undervisingsmetoden på mange norske universitet, med forelesingar i store salar eit par gongar i veka, og kan heller minne om undervisingsmetoden brukt i vidaregåande skule. Språkklassane er relativt små, vi er om lag 15 studentar i mi klasse, med undervising fire timar om dagen, fem dagar i veka. Arbeidsmengda er stor og det vert stilt store krav til sjølvstudium utanfor klasserommet dersom ein skal klare å henge med i timen, men så lenge ein har interesse for studiet går dette heilt fint!

Hvordan synes du studentmiljøet er? 

Shanghai er ein fantastisk studentby med rikt kulturliv, så det skal godt gjerast å kjede seg her. Det er òg ein internasjonal by med mange utlendingar, så det er ikkje noko problem å kome i kontakt med andre.

Studentmiljøet ved Fudan er veldig bra, med diverse aktivitetar og mange ulike studentforeiningar ein kan melde seg inn i. Det er derimot lett for at dei kinesiske og utanlandske studentane held seg for seg sjølve og generelt har lite med kvarandre å gjere, noko som òg vert forsterka av at alle internasjonale studentar bur på eit eige avgrensa område på campus. Kinesiske vener, og gjerne ein language partner, vil hjelpe på eiga læring og forståing av både språk og kultur.

Hvordan var søknadsprosessen?

Eg søkte utveksling via universitetet mitt i Noreg, så eg fekk god hjelp i den tidlege fasen av søkeprosessen. Då dette ville verte min fjerde tur til Kina var eg òg godt vand med å søke visum frå ambassaden i Oslo. Fyrste veka på Fudan var derimot ein labyrint av papirarbeid, helsesjekkar og språkbarrierar, men heldigvis møter ein alltid på andre studentar som anten har vore gjennom det same sjølv eller som kan hjelpe deg med språket.

Hvordan er prisnivået og leieprisene der?

Shanghai er litt dyrare enn andre kinesiske byar, men framleis langt billegare enn Noreg på mange felt. Det er likevel lurt å følge med på eige pengeforbruk, då det er lett for at det vert dyrt i lengda.

Sjølv bur eg på campus der eg betalar 3000 NOK i månaden for eit veldig bra singelrom med privat bad (vestleg standard). Dersom ein vil bu utanfor campus kan ein lett finne leilegheit gjennom Facebook eller www.smartshanghai.com.

Hva er det beste med å studere i Shanghai? 

Shanghai er ein fantastisk by å vere student i, både med tanke på kva byen i seg sjølv tilbyr i form av kultur- og natteliv, men kanskje mest med tanke på prisnivået! Her kan ein verkeleg leve det glade studentlivet utan å blakke seg. Shanghai er òg veldig gunstig med tanke på reising – helgeturar til Korea og Japan er like enkelt som Oslo-Bergen.

Hva er det mest utfordrende ved å være utenlandsstudent i Kina?

Språket er heilt klårt det mest utfordrande ved å bu i Kina! Det er sterkt anbefalt å tileigne seg dei mest grunnleggjande språkfrasane ein treng for å klare seg i dagleglivet, då særs få kinesarar snakkar engelsk – du er heldig om du møter ein taxisjåfør som kan seie «hello». Ordbøker på nett kan som regel hjelpe deg eit godt stykke på veg, men om du er i ein situasjon som krev at du seier meir enn «den der» eller «ikkje spicy», er ein engelsk-snakkande kinesisk ven gull verdt. 

Mangel på intimsoner og personal space kan òg vere utfordrande for mange utlendingar i Kina. Sjølv om metroen i Shanghai er ein av dei beste eg har reist med, er det tidvis så mykje folk at du må byrje å jobbe deg fram mot utgangen tre stopp før du er framme. Dette er derimot noko ein vert fort vand med.

Hvordan ser en typisk dag ut som student der du er?

Timeplanen min er lagt opp til fire timar undervising kvar dag, nokre dagar startar tidleg og andre etter lunsj. På dagar med sein skulestart har eg vanlegvis kollokviegruppe med ei anna i klassa der vi studerer saman i eit par-tre timar før timen byrjar. Skulekantina og street food er to gode og billege alternativ til både lunsj og middag, men om ein vert lei av desse er det mange gode restaurantar like ved skulen. Dagane elles går med til studering, trening og sosialliv. Det er mange billege studentbarar nær campus, noko som kjem godt med då det ikkje alltid fristar å ta metro i ein halvtime for å kome seg til sentrum.

Vil du anbefale andre å studere ved Fudan og hvilke tips ville du gitt nye studenter?

Eg vil absolutt anbefale andre å studere ved Fudan! Fudan er blant dei beste og mest anerkjende universiteta i Kina, noko som blant anna kjem til syne gjennom kvaliteten på undervisinga og lærarane. Administrasjonen arrangerer òg møter med klasserepresentantar kvart semester, der desse kan kome med tilbakemeldingar.

Ting tek tid i Kina, så ver tolmodig! Sørg for å ha alt av papirarbeid i orden når du skal søke om opphaldsløyve etc., så unngår du ekstra venting.

Fem innsidetips til turister i studiebyen din:

  1. Last ned WeChat og Pleco! Absolutt alle bruker WeChat i Kina, både personar og bedrifter, og Pleco er gull verdt for å lære språket. VPN er òg godt å ha dersom ein vil ha tilgang til sosiale medium som er blokkert i Kina, til dømes Facebook, Google, Snapchat etc.
  2. Ver obs på eventuelle kulturskilnader – det er mange ting som er sosialt akseptert i Kina som gjerne ikkje er det i Vesten, og omvendt.
  3. Ver varsam i trafikken! Sjølv om du som fotgjengar har grønt lys, er ikkje det einstydande med at du er den einaste som har det.
  4. Bruk www.smartshanghai.com eller liknande nettsider for å finne kinesiske adresser til dit du skal – særs få taxisjåførar forstår adresser skrive på pinyin og endå færre forstår engelsk. Alltid ha den kinesiske adressa med deg, så unngår du kommunikasjonsproblem!
  5. Ikkje ver redd for å prøve nye ting, anten det gjeld mat eller å snakke med lokale. Shanghai er òg ein fantastisk by å gå seg vill i – og kinesarane er veldig hjelpsame så du kjem deg alltids heim igjen. Ver blid, imøtekomande og nysgjerrig - nyt Shanghai!